Destinasjon Sogndal
Cruise som motor for destinasjonen
Sogndal Utvikling sine grunnlag syner at cruise kan tilføra Sogndal årleg eksportverdi på over 150 millionar kroner frå 2031. Dette gjer at me i fellesskap med innbyggjarar, næringsliv og kommunen kan utvikla Destinasjon Sogndal. Spørsmålet me stiller oss er; har me råd til å sei nei?
Ein motor for meir
Cruise er den første milepålen i ei større satsing på maritim infrastruktur og stadutvikling. Investeringane skal tene både gjester, lokalt næringsliv og dei som bur i Sogndal – og skape meir liv i Fjøra gjennom heile året.
Frå fjord til Fjøra – meir verdi i heile Sogn
Sogndal Utvikling jobbar for å utvikle ein ny cruisedestinasjon Sogndal. Cruise skal kunne skape meir handel, fleire opplevingar og ny aktivitet i Sogndalsfjøra – og gjere Sogndal til eit naturleg utgangspunkt for heile regionen.
Frå gjest til lokal verdi
Målet er ikkje berre fleire gjester, men større verdi per besøk. Difor må bookbare opplevingar, lokal mat, handel, guiding og transport utviklast parallelt med hamna. Menon peikar på at ein attraktiv destinasjon må gi gjestene både ein «reason to go» og ein «reason to spend».
Bygd riktig frå start
Sogndal kan planleggje infrastrukturen med dagens kunnskap: god besøksstyring, effektiv logistikk, utsleppskrav og gjestestraumar som blir fordelte i tid og rom. Me nyttar relevante kjelder i arbeidet og mellom anna Cruise Norway løftar lokal verdiskaping, besøksstyring og lågare miljøavtrykk som nøklar til framtidas cruisedestinasjonar.