Svar på innspel
Her finn du innspel om mogleg cruiseetablering i Sogndal og svar frå Sogndal Utvikling.
Innspela er ordna etter mottaksdato. Trykk på eit innspel for å lese heile teksten og svaret.
-
Innspel
Eg bur i Sogndal og er sterkt imot at det skal etablerast cruisehamn her. Eg kjem frå Nordfjordeid, og de bruker sjølve Nordfjordeid som grunnlag for tala dykkar. Slik eg kjenner til det, er det mykje konflikt både for og imot cruise der, og det er ganske inngripande i folk sin kvardag. Det som er mest problematisk, er at kommunen på Eid ikkje er inne på eigarsida, og difor har lite å sei om avgrensingar: kor mange skip, kor store, og når dei kjem. Då har dei som bur der, i praksis lite å seie om korleis kvardagen deira blir påverka. Det må ikkje bli slik i Sogndal. Les meir her: https://www.nrk.no/vestland/stad-kommune-er-last-i-omstridt-avtale-om-cruise-til-nordfjordeid-i-50-ar-1.17409717
Sogndal er ein stad der folk bur og lever heile året, og det er nett det som gjer bygda attraktiv. Eit scenario med 100 anløp i året og i snitt 2 000 passasjerar kvar gong er ei djup endring i kva slags stad Sogndal er, og eg meiner ikkje gevinsten står i forhold til kostnaden. For meg er cruise eit symbol på overforbruk og turisme som tek meir enn han gjev tilbake til stad og natur. Det var ikkje difor eg valte å etablere meg i Sogndal i 2015 først som student, og deretter med hus og familie.
Eg har desse konkrete innvendingane:
Kommunen må ha styring. Det er ikkje avklart kven som skal eige og drifte kaia, eller kva kommunen skal bidra med økonomisk. Utan eigarskap eller bindande avtalar mistar kommunen moglegheita til å setje tak på talet på anløp, skipsstorleik og sesong. Eg vil ikkje at fellesskapet skal ta kostnader og risiko for eit prosjekt som i hovudsak gagnar private eigarar, utan å kunne styre det. Inntektsgrunnlaget er usikkert. Eksportverdien på 151 millionar kroner byggjer på eit scenario med 100 anløp i 2031. Samstundes opplyser de sjølve at de ikkje har anløpsavtalar med nokon reiarlag. Talet er ei framskriving, ikkje eit estimat med grunnlag i avtalar. Tilbodet på land finst ikkje. De skriv at det i dag ikkje er infrastruktur til å ta imot så mange folk, verken innan transport, opplevingar, butikkar eller serveringsstader. Då bør me vite kva gjestene faktisk skal bruke pengane på, før me bind oss til ei hamn. Miljøet og fjorden. De er imot Sognefjorden marine verneområde fordi det kan stengje for cruisehamna. Då opplever eg at omsynet til fjorden kjem i andre rekkje. Det er òg uavklart om hamna skal ha landstraum, og de skriv sjølve at ei ny hamn kan påverke naturen der anlegget kjem.
Eg ber om at det blir gjort ei ærleg vurdering av negative konsekvensar for dei som bur her, og at prosjektet ikkje blir gjennomført utan at det er klart kven som eig kaia, kva kommunen kan bestemme av avgrensingar..
Kjem det cruisekai i Sogndal, vil eg og familien min mest sannsynleg flytte.
Vennleg helsing Simen
Svar frå Sogndal Utvikling
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
Det er eit rekneeksempel på omsetning frå passasjerane på landbasert aktivitet.
Tilboda på land er ein del av vurderinga av om cruise kan fungere i Sogndal. Før ei eventuell etablering må det vere avklart kva gjestene kan gjere, kven som leverer tilboda og kva kapasitet som finst.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Innspel
Spørsmål: Har de vurdert ein øvre bruttotonnasje på skipa og max passasjerantall for kvart havneanløp ?
Svar frå Sogndal Utvikling
Me har ikkje fastsett ei øvre grense for bruttotonnasje eller passasjerar per anløp, men som me synte til på folkemøtet har me ein strategi for dette. Dei konkrete svara vil me få fram som del av analysane som skal gjennomførast i forprosjektet. Spesielt viktig er Kystverket sine tilbakemeldingar på seglasforhold
-
Innspel
Her dere sett hvordan steder rundt om kring i Norge er ødelagt av cruiseturisme? Du trenger ikke reise langt fra Sognal for å finne eksempel.. Hvis prosjektet gjennomføres vil være kjempenegativt for Sogndal, med minimale fordeler tilbake. Skjønner ikke at dere har samvittighet.. Håper virkelig ikke at dette bli realisert. Om det skulle bli det så er jeg glad jeg slipper å se barna mine i øynene og forklare hvordan jeg tok livet av bygda for egen vinning
Svar frå Sogndal Utvikling
Me ser på cruise som ei mogleg kjelde til fleire kundar for lokale verksemder og eit grunnlag for nye aktivitetar og tilbod i Fjøra.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Innspel
Hei! Eg ynskjer at de synleggjer på denne sida alle innspela som kjem inn, for større transparens i prosessen. Det aukar også læringspotensiale for oss alle, uavhengig av standpunkt. Mvh. Kari Hellevang
Svar frå Sogndal Utvikling
Ja, alle innspel blir fortløpande svart ut og lågt på sogndalutvikling.no. Då dette innspelet kom inn til oss var det gått 18 dagar sidan lansering av forprosjektet, og me hadde fått inn 3 innspel.
-
Innspel
Dette er det mest tragiske forslag til utvikling i Sogndal sentrum. Kvifor? All tilgjengelig publisert forskning peker på at dette ikkje bærekraftig, hverken med tanke på økonomi og bærekraft. Balansen mellom fastboende og tilreisende turister med cruiseskip blir veldig utrivelig og fastboende vil fort få følelsen av å bu i eit tivoli uten mål og meining. Det verste med dette forslaget er at med de miljøutfordringer som verda og Noreg står overfor, vil voksne innføre miljøkriminalitet i Sogndal, de vil innføre noe som neste de generasjoner må leve med, selvom de ikkje har hatt sjansen til å seie sin mening. Barn, barnebarn er uskyldige offer i nokon få vaksnes grådighet for å tene penge i ei veldig begrenset periode på bekostning av innbyggernes trivsel, samt tilføre bygda reel miljø forurensing med store utslipp lokalt og i heile sognefjorden. Om de vil dette, kan de med eingong endre namn til «Sogndal avvikling» for dette har mykje større tap enn gevinster for bygda.
Svar frå Sogndal Utvikling
Me undersøker prosjektet med mål om lokal aktivitet og verdiskaping. Konsekvensane for lokalsamfunnet høyrer med i denne vurderinga.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Innspel
Hei! Eg vil berre seie at eg tykkjer det er svært leit dersom det vert cruiseanløp i Sogndal. Eg forstår at det kan finnast økonomiske gevinster og moglegheit for næringsutvikling, men av miljøomsyn og omsyn til kva plass Sogndal skal vere både som turist og som innbyggjar, så ynskjer eg verkeleg ikkje dette. Eg håpar de går for andre måter å investere og utvikle sogndalsfjøra på. Småskala, men med kvalitet som tiltrekk seg folk som vil bu her og som vil vere her på ferie over lenger tid og heile året. Spa og basseng på hotellet. Ein fin kafe i sentrum. Badebrygger og badstuer langs fjordstien. Slike ting. Jada, kanskje inntekter frå cruiseturismen kan verkeleggjere noko av dette, men etter mitt syn vil denne type turisme øydelegge lysta til å komme hit som både potensiell innbyggjar og «vanleg» turist. Tenk om me kunne bruke energien vår på å utvikle fjøra som eit heilt lag, både dei med midlar til å investere, og alle dei som «berre» bur her og ikkje har samme moglegheit til å styre utviklinga. Eg trur at det er taktisk lurt å ha som hovudmålsetting å gjere Sogndal til ein god plass å bu heller enn å ha inntjening og næringsutvikling som øvste mål. Dersom ein klarer å få til ting som gjer Sogndal til noko unikt og kjekt og godt, så vil næringslivet også blomstre. Det treng ikkje handle om å få flest mogleg hit på kortast mogleg tid, men å satse på ting som kanskje ikkje nødvendigvis gir direkte økonomisk avkastning. Som badebrygger. Hjelpe til med å bygge opp musikkmiljøet eller kunstmiljøet for eksempel. Billeg leige til dei som vil satse på å lage til ulike møteplassar og butikkar i sentrum. Over tid trur eg dette vil gjere Sogndal til ein attraktiv stad å både flytte til og vere som turist. Sentrumsnær el-bil-lading kan vere ein god måte å få folk til å stoppe og bruke sentrum når dei er på reise. Ja, eg forstår at det ikkje vil gi same volum av turistar, men me er mange som ikkje ynskjer det volumet av turistar. Eg jobbar med å få starta ein liten bar i sentrum, og eg treng ikkje cruiseturisme her for å få til det. Det er rett og slett skikkeleg dumt at folk flest i Sogndal skal sjå heimstaden bli til noko me ikkje ynskjer, berre for at de og nokre få andre skal tjene pengar. Eg lurer på; kva skal til for at de legg vekk cruiseplanane?
Svar frå Sogndal Utvikling
Målet er at meir aktivitet i Fjøra skal gi grunnlag for tilbod og næringsliv som også innbyggjarane har nytte av gjennom året.
Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
Det er ikkje diskutert ei slik smertegrense. Sogndal Utvikling arbeider med eit forprosjekt som ser på ei mogleg cruiseetablering i Sogndal. Vårt synspunkt er at det er for tidleg å ta stilling til ja eller nei før kunnskapen om cruise i Sogndal er ferdig analysert.
-
Innspel
Jeg synes fakta-siden deres er lite nyansert. Det står i øvre tekst at dere bl.a. skal gi svar på "kva satsinga kan bety for lokalsamfunnet". Men dere skriver nesten utelukkende om de "positive" effektene. Hvis det skal være en faktaside burde den også ha noe informasjon om de negative effektene. Som det står nå ser det ut som at dere ikke lytter og tar innover dere at cruise også vil ha negative effekter på lokalsamfunnet. En mer nyansert faktaside vil være mer troverdig og tillitsbyggende.
Svar frå Sogndal Utvikling
Faktadelen er mellombels teken ned for å samordne informasjonen etter svara på dei 99 spørsmåla frå folkemøtet. Oppdatert faktadel kjem i løpet av november, med oppdaterte tidslinjer og plan for analysar. Rapportane og referansane er framleis tilgjengelege.
-
Innspel
Infrastruktur og veg
Sogndal utvikling sine nettsider seier ikkje noko om forventing om belastning på eksisterande infrastruktur og veg. Antar difor at det ikkje har vore noko dialog med vegeigarane (fylkeskommunen og SVV) om dette.
Sogndal har 4 utfartsårer med riks- og fylkesveg. Etterslepet på vegane i fylket er stort, og det vil pågå mykje vedlikehald og vegarbeid i årene framover. Erfaring frå andre cruise-destinasjonar tilseier at det er nulltoleranse for forseinking på vegane i kommunen og nabokommunane når cruise-turistane skal fraktast rundt omkring på land. Har SU tatt med i vurderingane at vegarbeid vil pågå, og at forseinkingar må medreknast når turistane skal fraktast rundt om i regionen?
Kva forventningar har SU ved å eventuelt gå i dialog med fylkeskommunen og SVV? Vil det kome krav om nulltoleranse slik som andre stader? Eit krav om nulltoleranse vil gå ut over tilstanden på vegane, samt kvardagen og tryggleiken til dei som bur fast i kommunen (og nabokommunar).
Gravensteinsgata: kva tiltak vil gjerast for å oppnå normal trafikkflyt og tryggleik for gåande i Fjøra? Lerumcup tilfører eit par tusen ekstra besøkande i Fjøra 3 dagar i året, og medfører behov for trafikktiltak. Kva trafikktiltak er vurderte å setjast inn for eit par tusen ekstra besøkande 100 dagar i året?
Ved kai på Skjersnes: Nettsida seier mykje om dialog med Norconsult og kommunen, men ikkje med SVV og fylkeskommunen. Er det utført ei KU for avkøyrsla frå Rv. 13 og for sykkel- og gangvegen på utsida av Stedjetunnelen? - Kva er avkøyrsla ved fyret på Hagelin dimensjonert for i dag, og kva må den dimensjonerast for ved etablering av ein cruisekai? - Kva moglegheiter og avgrensingar er det for utviding av kryss mellom Rv. 13 og fjorden? - Korleis vil eit "nytt" kryss påverke dagens Rv. 13 (fartsgrense, nærleik til tunnel etc)?
Kva tiltak (båe sikkerhet- og samfunnsmessige) skal setjast inn for syklande og gåande på utsida av Stedjebergtunnelen?
Naturfare: Rassikring av området vil tilsynelatande væra omfattande, ettersom ein må følgje strengare krav (TEK17) her, enn ved sikring langs veg (rapport frå Norconsult vil syne omfanget). Vegen er i dag rassikra med tunnel, fordi ei anna løysing (sikring på staden) blir for omfattande.
Uavhengig av kva tiltak som blir vurderte, må truleg overliggande terreng inspiserast og reinskast først som ei arbeidssikring. Korleis vil dette fungere saman med infrastruktur som alt er på Skjer?
Ligg det føre ei risikovurdering eller KU for inngrep i naturreservatet i Stedjeberget? Kven skal drifte og vedlikehalde rassikringa? Kva skjer om det går eit stort ras i gjerdet, og det tek nokre månadar å få det ordna?
Kostnadar: Korleis skal ny avkøyrsle og rassikring finansierast?
Svar frå Sogndal Utvikling
Me vil avvente innspela frå høyringa av kommuneplanen sin arealdel før me konkretiserer løysingane vidare. Her kan mellom anna Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune gi faglege innspel og fremje motsegner innanfor sine ansvarsområde.
Trafikk og vegarbeid: Transportopplegget må ta omsyn til kapasiteten på vegane, pågåande vegarbeid og framkomsten for dei som bur her. Me legg ikkje til grunn at cruisetrafikk skal ha særrettar eller kunne krevje vegar utan forseinkingar.
Tilkomst og tryggleik: Avkøyrsla frå riksveg 13, tilkomsten for gåande og syklande og trafikkavviklinga i Fjøra må vurderast i det vidare planarbeidet, i dialog med kommunen og vegeigarane. Konkrete tiltak er ikkje fastsette.
Skredfare og natur: Skredfarekartlegginga er bestilt. Ho skal gi grunnlag for å vurdere behovet for sikring. Naturinngrep, arbeidssikring, vedlikehald og beredskap må avklarast gjennom den vidare utgreiinga og planlegginga.
Dersom arealplanen opnar for hamneføremålet, vil eit eventuelt reguleringsplanarbeid konkretisere løysingar og nødvendige utgreiingar, med ny høyring og medverknad. Arealplanen åleine er ikkje ei godkjenning av å byggje hamna.
-
Innspel
Hvorfor satse på cruise som er miljøversting ifølge reiselivets undersøkelser, egen heller enn andre typer turisme?
Svar frå Sogndal Utvikling
Me ser på cruise som ei mogleg kjelde til fleire kundar for lokale verksemder og eit grunnlag for nye aktivitetar og tilbod i Fjøra.
Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
Me undersøker prosjektet med mål om lokal aktivitet og verdiskaping, innanfor dei krava som gjeld for natur, miljø og tryggleik. Konsekvensane for lokalsamfunnet høyrer med i denne vurderinga.