Fakta om cruise i Sogndal
Faktadelen blir oppdatert
Etter at me har svart på dei 99 spørsmåla frå folkemøtet, oppdaterer me faktadelen for å sikre at informasjonen er samordna. Me vil også presentere oppdaterte tidslinjer og planen for dei vidare analysane.
Den tidlegare faktadelen er difor mellombels teken ned. Ein oppdatert faktadel kjem i løpet av november 2026. Rapportane og referansane er framleis tilgjengelege nedanfor.
Rapportar og kjelder
Me bruker forsking og bransjekunnskap i arbeidet med Sogndal som cruisedestinasjon. Her finn du rapportane og dei offentlege kjeldene som er omtalte i svara.
Økonomi og utvikling av reisemålet
Menon notat 9 2025 gir forbruksføresetnadene i eksportscenarioet og drøftar utvikling av nye cruisehamner. Notatet er bestilt av European Cruise Service.
Cruise Platform 2023 omtalar lokal produktutvikling og nye hamner. Plattformen har redaksjonelt ansvar hos Cruise Norway, CLIA og European Cruise Service, med faktagrunnlag frå Menon.
Reiseliv og miljø
Vestlandsforsking si moglegheitsstudie og tolegrenseanalyse for Sognefjorden gir kunnskap om regionalt reiseliv og besøksforvaltning.
TØI sin rapport om meir berekraftig cruiseturisme drøftar utviklinga av cruise på Vestlandet.
TIL NULL kvartalsrapport 2 2026 frå Norsk klimastiftelse omtalar utslepp og landstraum.
Nye undersøkingar og regelverk
Innovasjon Norge si nye cruiseundersøking skal gi oppdatert kunnskap om gjestene og forbruket deira. Resultata er venta i 2027.
Statsforvaltaren si omtale av Sognefjorden marine verneområde samlar informasjon og dokument om verneframlegget.
Sjøfartsdirektoratet si omtale av nullutsleppskravet forklarer reglane for verdsarvfjordane.
Forslaget til forskrift om cruiseavgift er publisert av Nærings- og fiskeridepartementet.
Områda for hamneutvikling er vurderte av Norconsult i september 2026. Me er i dialog med kommunen om faggrunnlaget i den vidare planprosessen.