Spørsmål og svar Folkemøte 29.10.26
På folkemøtet 29. oktober 2026 kom det inn 99 spørsmål og innspel om mogleg cruiseetablering i Sogndal. Her finn du alle, grupperte etter tema, med svar frå Sogndal Utvikling AS. Spørsmåla er gjengjevne med original ordlyd og nummer. Prosjektet er under vurdering. Svara forklarer kva som er kjent og kva som framleis er uavklart.
Sist oppdatert: 10. november 2026.
Planprosess, demokrati og medverknad
-
Ei eventuell kommunal folkeavrøysting er det kommunen som avgjer. Den ordinære planprosessen gir høve til medverknad og høyring, og arealbruken blir avgjord politisk.
-
Me inviterte innleiarar med kunnskap om cruise, planprosess og stadutvikling for å få fram erfaringar som er relevante for Sogndal. Fleire representerte næringa eller hadde oppdrag knytte til prosjektet, medan kommunen var invitert for å forklare planprosessen. Folkemøtet var ein arena for informasjon og spørsmål; innbyggjarane sine synspunkt inngår også i den vidare planprosessen.
-
Me respekterer at folk kan vere prinsipielt imot cruise, også når dei kjenner faktagrunnlaget godt. Oppgåva vår er å undersøkje moglegheitene og leggje fram kunnskap som gjer det mogleg å vurdere prosjektet. Privat eigarskap avgjer ikkje plansaka; ei eventuell etablering krev politiske planavklaringar og nødvendige løyve.
-
Norconsult har gjort ei overordna vurdering til arealplanarbeidet med utgangspunkt i Statens vegvesen si handbok V712. Metode og omfang for vidare konsekvensutgreiing må avklarast med kommunen, mellom anna for bumiljø, nærmiljø og friluftsliv. Dei 151 millionane er eit rekneeksempel på passasjerforbruk og kan ikkje brukast direkte som ei samfunnsøkonomisk vekting mot desse omsyna.
-
Verknader for bulyst, trivsel og nærmiljø blir vurderte ut frå verdiane i området, korleis eit tiltak endrar dei og kva det betyr for dei som brukar staden. Støy ved bustader og tilgang til friluftsområde er døme på slike tema. Metoden for prosjektet er ikkje endeleg fastsett, og avveginga mellom desse omsyna og økonomi vil inngå i den politiske behandlinga.
-
Panelet vart sett saman for å belyse prosjektet og erfaringar frå cruise og stadutvikling. Fleire av deltakarane representerte næringa eller hadde oppdrag knytte til saka, og dei deltok med denne bakgrunnen. Dette møtet vart gjennomført på ein veldig tidleg fase i prosjektet, og det er ingen vedtak eller avgjerder om ja eller nei til cruise på dette tidspunktet.
-
Alle val me tek som samfunn i dag får konsekvens for framtida. Det gjeld alle prosjekt.
-
Føremålet vårt er å undersøkje om cruise kan bidra til meir liv i Fjøra og positiv lokal utvikling. Dersom undersøkingane viser at prosjektet ikkje oppfyller dette målet, er det relevant for om og korleis me går vidare. Det er nettopp slike spørsmål forprosjektet og det vidare kunnskapsgrunnlaget skal bidra til å avklare.
-
Det er ikkje teke stilling til om cruise skal etablerast. Sogndal Utvikling undersøkjer ei mogleg cruiseetablering gjennom eit forprosjekt. Det er først når me har fått fram eit kunnskapsgrunnlag at me skal ta stilling til dette.
Innbyggjarane kan påverke gjennom den vidare planprosessen, der både alternativ, omfang og rammer skal vurderast før politiske vedtak og nødvendige løyve.
-
Dagleg leiar representerte Sogndal Utvikling på folkemøtet og presenterte prosjektet på vegner av selskapet.
-
Me fekk ein førespurnad om eit innlegg frå Tom Dybwad og Markus Mohn Werner. Dei fekk tilbod om å delta i ein sekvens på slutten av møtet.
-
Ja, denne sida samlar alle dei 99 registrerte spørsmåla og innspela med originalnummer for når dei kom inn til oss og ordlyd. Kvart spørsmål har eit eige svar, og innhaldet er ordna etter tema slik at det skal vere lett å finne fram. Der noko framleis er uavklart, går det fram av svaret.
-
Me undersøkjer prosjektet med mål om lokal aktivitet og verdiskaping, innanfor dei krava som gjeld for natur, miljø og tryggleik. Konsekvensane for lokalsamfunnet høyrer med i denne vurderinga.
-
Det er ikkje diskutert ei slik smertegrense. Sogndal Utvikling arbeider med eit forprosjekt som ser på ei mogleg cruiseetablering i Sogndal. Vårt synspunkt er at det er for tidleg å ta stilling til ja eller nei før kunnskapen om cruise i Sogndal er ferdig analysert.
-
Sogndal kommune sende arealplanen på 2. gangshøyring 22. oktober. Der vart seks nye område tekne inn etter kommunen sine retningslinjer for KU/ROS. Hamneføremål på Skjersnes var eitt av desse nye tiltaka.
-
Me inviterte til folkemøte for å presentere prosjektet, dele erfaringar frå næringa og andre destinasjonar. Vårt standpunkt er at me gjennom ein skriftleg spørsmålsrunde får svart på langt fleire spørsmål enn munnleg frå salen. Me aksepterer at det er ulike syn på dette og ser at møtet burde vore kalla informasjonsmøte i staden. Likevel er det viktig å påpeike at dette vart det første møtet i ein lang prosess.
Lokalisering, hamn og nautiske forhold
-
Trygg inn- og utsegling er ein føresetnad for ei eventuell cruiseetablering. For aktuelle skip må ein vurdere både djupn, breidd, manøvrering, vind, straum og naudssituasjonar. Dette vil avklarast saman med Kystverket. På det noverande tidspunkt har me ikkje vore i dialog om konkrete anløpsavtalar nettopp fordi dette ikkje er avklart.
-
Det første steget blir å gjennomføre ei skredfarekartlegging. Denne er bestilt.
Miljø, klima, utslepp og natur
-
Fjorden er ein sentral del av både naturverdiane og opplevingsgrunnlaget i Sogndal. I høyringsuttalen vår går me imot verneframlegget slik det ligg føre, og ber som alternativ om ei grensejustering ved Skjer for å ta omsyn til mogleg hamneinfrastruktur og sjøtransport. Vernesaka avgjer ikkje om ei kai kan byggjast; naturkonsekvensane må uansett vurderast i planarbeidet.
-
Klima og natur er sentrale spørsmål i vurderinga av ei mogleg etablering. Meir energieffektive skip og landstraum kan redusere delar av utsleppa, men meir trafikk kan likevel auke den samla belastninga. For Sogndal må utslepp, naturinngrep og alternativ vurderast konkret før me kan konkludere med om prosjektet er foreinleg med klima- og naturmåla.
-
I høyringsuttalen vår går me imot verneframlegget slik det ligg føre, og ber som alternativ om ei grensejustering ved Skjer for å ta omsyn til mogleg hamneinfrastruktur og sjøtransport. Vernesaka avgjer ikkje om ei kai kan byggjast; naturkonsekvensane må uansett vurderast i planarbeidet.
-
Støy og luftkvalitet må vurderast opp mot gjeldande krav og dei lokale forholda ved bustader, skular og uteområde. Vind, terreng og kva skip som er aktuelle, vil påverke berekningane. Dette er analysar som er ein del av forprosjektet me har starta.
-
Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.

Reglane om mottaksplikt i hamner set også rammer for kva krav som kan handhevast overfor skip.
-
Skip treng energi til mellom anna kjøkken, ventilasjon og lugarar også medan dei ligg ved kai. Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.
For Sogndal må luft, støy og utslepp til sjø vurderast ut frå aktuelle skip og lokale forhold. Desse berekningane er ikkje starta på og er ein del av forprosjektet me har starta.
-
Me er kjent med at Indre Sognefjorden er nasjonal laksefjord og Årøyelva nasjonalt laksevassdrag, som saman med naturverdiane i Sogndalselva og elvemunninga er naturlege delar av framtidige vurderingar.
Undervassstøy, propellstraum, lys, utslepp og vandringsperiodar er aktuelle tema, men omfang, metode og kven som skal utføre den fiskefaglege vurderinga er førebels ikkje avklart.
-
Me er tidleg i prosessen og infrastruktur på land og eventuelt behov for fyllingsvolum er ikkje teke stilling til. Botnforhold, straum og påverknad på fisk og anna marint liv må vurderast i ei slik samanheng.
-
Det er for tidleg i prosessen til at me kan svare på dette.
-
Fjorden si miljøtilstand og den samla påverknaden vil vere ein del av vurderinga av ei mogleg hamn.
-
FN sin sjøfartsorganisasjon IMO har vedteke ein strategi med mål om netto null klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart rundt 2050. På vegen dit er delmåla minst 20 prosent utsleppskutt innan 2030 og minst 70 prosent innan 2040, samanlikna med 2008, med ambisjon om høvesvis 30 og 80 prosent. Måla gjeld dei samla klimagassutsleppa frå skipsfarten, inkludert cruise, og inneber ikkje at kvart skip skal vere utsleppsfritt i 2050.
Cruisetrafikk, skip og passasjertal
-
Me er på ein veldig tidleg fase i prosjektet og dette er ikkje noko som kan avgjerast no. Innbyggjarane har heller ikkje blitt bedt om å ta stilling til ja eller nei før me har fått kunnskapen på bordet.
-
100 anløp og 200 000 passasjerbesøk er eit scenario og kan ikkje brukast direkte som ei samfunnsøkonomisk vekting eller måling mot Vestlandsforsking si toleevneanalyse for Sognefjorden.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.
FN sin sjøfartsorganisasjon IMO har vedteke ein strategi med mål om netto null klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart rundt 2050. På vegen dit er delmåla minst 20 prosent utsleppskutt innan 2030 og minst 70 prosent innan 2040, samanlikna med 2008, med ambisjon om høvesvis 30 og 80 prosent. Måla gjeld dei samla klimagassutsleppa frå skipsfarten, inkludert cruise, og inneber ikkje at kvart skip skal vere utsleppsfritt i 2050.
-
Me viser her til at Sognefjorden er eit attraktivt reisemål både nasjonalt og internasjonalt. Det er pågåande prosjekt i Gaupne, samstundes som dei tre andre hamnene kan vise til vekst. Vårt argument er at om det kjem ei ny hamn til Indre Sognefjorden så bør denne liggje i Sogndal. Derfor undersøkjer me dette potensialet for å avklare om fordelane er større enn ulempene.
-
Me har lagt fram scenario og rekneeksempel. Endeleg hamneløysing er ikkje avklart, men utgangspunktet for Sogndal Utvikling i det lange løp vil vera å byggje ei djupvasskai. Kor mange som går i land vil i stor grad verta styrt av attraktiviteten til reisemålet. Difor arbeidar me også med destinasjonsutvikling som del av prosjektet.
-
Dette er svar me vil få fram som del av analysane som skal gjennomførast i forprosjektet.
-
Ei eventuell hamn vil handtere anløpsførespurnader innanfor løyve, kapasitet og lovkrav, medan kommunen avgjer arealplanar og har ansvar for fleire offentlege tenester. Ei endeleg lokal ordning for styring av trafikken er ikkje fastsett.
Destinasjonsleiing er samarbeid om reiseliv og besøksforvaltning, og mandat og innbyggjarrepresentasjon må avklarast. Innbyggjarane har også høve til å påverke gjennom høyringar og politiske avgjerder. Reglane om mottaksplikt set rammer for avvising av skip.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
Lokal verdiskaping, arbeidsplassar og næringsliv
-
Talet på om lag 151 millionar kroner var eit rekneeksempel som viste mogleg passasjerforbruk ved 100 anløp, 2 000 passasjerar per skip, 90 prosent i land og 837 kroner i forbruk. Det er ingen prognose.
Forbrukstalet kjem frå Menon sitt notat frå 2025, bestilt av European Cruise Service, og byggjer også på eldre undersøkingar. Det må vurderast saman med andre kjelder, mellom anna den nye cruiseundersøkinga Innovasjon Noreg gjennomfører i 2026.
European Cruise Service deltok i panelet med erfaring frå næringa.
-
Cruisegjester kan gi kundar til butikkar, servering og aktivitetar medan skipet er i hamn. Dersom skipet reiser før kvelden, vil den direkte etterspurnaden først og fremst kome på dagtid, men auka dagsomsetning kan også bidra til driftsgrunnlaget for verksemder med lengre opningstid.
Vårt argument er at om næringslivet kan få auka sin omsetning på tider av døgnet dei i dag har lite besøk så kan dei ha større grunnlag for heilårsope, fleire tilsette og tilbod som kjem innbyggjarane til gode. Både på kveldstid og vinterstid.
-
Studentmiljøet er viktig for livet i Sogndal, og tilbod for studentar kan bidra til meir heilårsaktivitet i Fjøra. Sogndal Utvikling er eit privat selskap og kan ikkje svare for kva planar mellom anna kommunen har for dette.
-
Dette viste me til i folkemøtet at er henta frå ein artikkel i 2007 og er ikkje relevant. For øvrig vil ei prisjustering av beløpet fram til i dag gi eit høgare rekneeksempel og scenario enn me har lagt til grunn.
-
Det er eit rekneeksempel på omsetning frå passasjerane på landbasert aktivitet. Marginar på ulike bedrifter ikkje mogleg for oss å svare på per dags dato.
-
Det er eit rekneeksempel på omsetning frå passasjerane på landbasert aktivitet. Hamnevederlag og passasjeravgift kjem i tillegg til dette.
-
Målet vårt er at besøkande skal gi aktivitet og inntekter til lokale verksemder, mellom anna butikkar, serveringsstader, transportørar og aktivitetstilbydarar.
-
Tilboda på land er ein del av vurderinga av om cruise kan fungere i Sogndal. Før ei eventuell etablering må det vere avklart kva gjestene kan gjere, kven som leverer tilboda og kva kapasitet som finst.
Ingen vart bedt om å gå med på ei kai under folkemøte og me er tidleg i prosessen. Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
-
Menon har utarbeidd notatet på oppdrag frå European Cruise Service og står ansvarleg for det faglege innhaldet. Det stemmer at oppdragsgivaren har ei kommersiell interesse i cruise, men me ønskjer ikkje trekke Menon sin faglege integritet i tvil av den grunn.
-
Dette vart svart ut på folkemøtet med at det ikkje eksisterer ein rapport for kva samfunnsengasjerte familieselskap diskuterte før ein valde å etablere dette forprosjektet. All kunnskap som ligg til grunn per i dag er kome fram etter at forprosjektet starta i juni 2026.
-
Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette.

Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette. Eit godt samarbeid med reiarlag og cruiseagentar frå start er avgjerande for å sikra mest mogleg lokal verdiskaping, og dette er me allereie i gong med slik at samarbeidet er etablert om me går vidare med planane etter forprosjektet.
-
Dette vart svart ut på folkemøtet med at det ikkje eksisterer ein rapport for kva samfunnsengasjerte familieselskap diskuterte før ein valde å etablere dette forprosjektet. All kunnskap som ligg til grunn per i dag er kome fram etter at forprosjektet starta i juni 2026.
-
Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette.
180.000 gjester frå cruise eller 75.000 gjester frå bil og/eller buss kan me truleg få vurdert konsekvensane av i ein eventuell kommunal toleevneanalyse.
-
Sjølv om overnatting og mykje mat er inkludert om bord, viser undersøkingar at cruisegjester også kjøper utflukter, varer og servering på land. Omfanget varierer med skip, tilbod og tid i hamn, og det er dette marknadspotensialet me ønskjer å undersøkje for Sogndal.
-
Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette.
Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
-
Dette vart svart ut på folkemøtet med at det ikkje eksisterer ein rapport for kva samfunnsengasjerte familieselskap diskuterte før ein valde å etablere dette forprosjektet. All kunnskap som ligg til grunn per i dag er kome fram etter at forprosjektet starta i juni 2026.
-
Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette.
Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
-
Sogndal Utvikling ser behovet for å investere i landbaserte aktivitetar dersom cruise blir realisert. Dette vil også koma lokalbefolkninga til gode. All etablering har behov for volum og kundegrunnlag for å lukkast og me meiner cruise kan bidra til dette.
Sogndal Utvikling har etablert eit parallelt prosjekt der me skal bidra til å etablere bedriftsnettverk i kommunen for å utvikle nye tilbod uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.
-
Tanken er at fleire kundar i delar av året kan styrkje driftsgrunnlaget for verksemder som også er til nytte for innbyggjarane resten av året. Om det gir fleire heilårstilbod i Fjøra, vil avhenge av kva verksemder og aktivitetar som blir utvikla.
Infrastruktur, transport og beredskap
-
Dette vil vera ein naturleg del av utgreiingane i prosjektet vidare. Sidan prosjektet er i ein tidleg undersøkjande fase eksisterer det naturleg nok ingen beredskapsplanar for dette per dags dato.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Dette vil vera ein naturleg del av utgreiingane i prosjektet vidare. Sidan prosjektet er i ein tidleg undersøkjande fase eksisterer det naturleg nok ingen beredskapsplanar for dette per dags dato.
-
Det er utfordrande å svare på dette spørsmålet konkret utan at det vert vist til fakta som synleggjer at cruise direkte eller indirekte bidreg til dårlegare rassikring og vegvedlikehald.
Finansiering, eigarskap og økonomisk risiko
-
Heldigvis er Noreg eit demokratisk og transparent land, slik at alle innbyggjarane kan finne ut av dette ved å søkje opp selskapa JESL as, Hofslundsengen Invest as og Einarsen Eigedom as, samt Jørgen Christian Lindstrøm, Magne Hofslundsengen, Frode Einarsen og Erlend Fardal Lunde på mellom anna proff.no.
Som døme kan me nemne at JESL AS er eigar av mellom anna Quality Hotel Sogndal, Cafe Sogningen og Caffe Prego. Eigedomsporteføljen til Einarsen Eigedom ligg opent ute på einarseneigedom.no. Hofslundsengen Invest har minoritetspostar i selskap som Ellevilt as, Bratt Moro as og Sogndal Fjellsport as (Fjellsportfestivalen)
-
Sogndal Utvikling er eigd av tre lokale eigedomsselskap som brukar opptent kapital på eit forprosjekt for å undersøkje ei mogleg cruiseetablering i Sogndal.
-
Prosjektet er initiert av private eigarar, medan endeleg finansiering, eigarskap og drift er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
-
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
-
Stad kommune er ute av ROBEK-lista, dette vart annonsert 5. mars 2026.
Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
-
Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
Reglane om mottaksplikt i hamner set også rammer for kva krav som kan handhevast overfor skip.
-
Landstraum er ei viktig løysing for å redusere motorutslepp medan skip ligg ved kai, men nettkapasitet, teknisk løysing, finansiering og tilkopling må vere på plass. Dette kan først avklarast i Sogndal når me har eit prosjekt som er kome noko vidare i prosessen. Me har uansett påpeika at landstraum er eit fokusområde for oss.
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
-
Eigarskap og drift av ei hamn er noko som blir avklart som del av den vidare prosessen. Som nemnt på folkemøtet er Sogndal Utvikling opne for å invitere Sogndal kommune inn på eigarsida.
Reiseliv, lokalsamfunn og toleevne
-
Utgangspunktet vårt er å undersøkje om cruise kan bidra til meir aktivitet og nye tilbod i Fjøra som også kjem innbyggjarane til gode. Korleis ei etablering vil påverke bulyst og tilflytting, og omsynet til natur, nærmiljø og kvardagslivet i Sogndal vil vera del av den vidare vurderinga.
-
Me ønskjer ei utvikling som gjer Sogndal til ein god stad å bu, og innspel om bulyst er derfor viktige i vurderinga av prosjektet. Ei cruiseetablering er ikkje bestemt; den vidare planprosessen gir innbyggjarane høve til å påverke gjennom medverknad og høyringar.
-
Vestlandsforsking tilrår ikkje fleire cruiseanløp eller fleire passasjerar per anløp slik situasjonen er no, med klima og belastning på enkelte stader som viktige grunngivingar. Rapporten peikar særleg på utfordringar i Aurland og Luster, men fastset inga eiga tolegrense for Sogndal.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
Me har lenka til heile rapporten på sogndalutvikling.no. På lik linje med dei andre rapportane er deler av den teken inn i faktagrunnlaget.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Det kjem ikkje klart fram om dette er eit spørsmål eller ei meiningsytring. Uansett har me respekt for ulike syn og tek det med oss vidare. Påverknad på områda som er nemnt vil måtte svarast ut på eit seinare høve då me ikkje har konsekvensvurdert dette per dags dato. Me vil måtte synleggjere at fordelane er større enn ulempene, på lik linje med alle andre prosjekt.
-
Dette vil me måtte koma tilbake til på eit seinare tidspunkt i prosessen, men det er klart at bulyst, blilyst og livskvalitet er viktige kriterium. Alle eigarar og involverte i Sogndal Utvikling bur og arbeider i Sogndal sentrum.
-
Sogndal Utvikling har ikkje gjennomført innbyggjarundersøkingar i andre småbygder, men vil naturleg nok ta dei med oss i arbeidet om dei eksisterer.
-
Me ser på cruise som ei mogleg kjelde til fleire kundar for lokale verksemder og eit grunnlag for nye aktivitetar og tilbod i Fjøra.
-
Vår vurdering viser til Sogndal Utvikling sitt syn på at moglegheitene i Sogndal bør undersøkast nærmare, og at det vil vera feil å ta stilling til ja eller nei før me har fått fram eit kunnskapsgrunnlag som ein del av forprosjektet.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Dette er noko som vil vera del av den vidare vurderinga der me vil måtte synleggjere at fordelane er større enn ulempene. Slik som alle andre prosjekt.
-
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Me er for tidleg i prosessen til å ta stilling til om me skal etablere cruise eller ikkje. Difor anbefalar me å vente med å sende flyttemelding til me har fått kunnskapen på bordet.
-
Målet er at meir aktivitet i Fjøra skal gi grunnlag for tilbod og næringsliv som også innbyggjarane har nytte av gjennom året.
Sogndal Utvikling sitt standpunkt er at det bør utførast ei eiga toleevneanalyse i Sogndal kommune, i tråd med rettleiaren til Vestland fylkeskommune, for å gi svar på desse spørsmåla. Ei kommunal toleevneanalyse er også grunnlag for ein god besøksstrategi for reisemåla våre i kommunen.
-
Det er ein hypotese som blir presentert for oss at fråflytting vil skje, men me kan ikkje ta stilling til dette før me kjem vidare med kunnskapsarbeidet gjennom forprosjektet.
-
Sogndal Utvikling har ikkje gjennomført analysar av andre bygder, men me vil ta det med oss i arbeidet om slike analysar eksisterer. Vårt argument er at Sogndal har for lite aktivitet i Sogndal sentrum og at tilførsel av fleire gjester kan gi grunnlag for auka verdiskaping og nye bedrifter.
-
Vårt argument er at Sogndal har for lite aktivitet i Sogndal sentrum og at tilførsel av fleire gjester kan gi grunnlag for auka verdiskaping og nye bedrifter. Me trur det er kvalitetar som vil koma både turistar og innbyggjarar til gode.
-
I 2025 var det i Sogndal kommune netto innflytting til kommunen på 28 personar, tel me med fødselsoverskotet auka folketalet med 56 personar. Det er likevel positive tal med vekst i ein distriktskommune, men me meiner det er viktig å sjå bak tala for brutto innflytting.
SSB sine tal viser følgjande:
Bidrag i 2025 – Personar
Fødselsoverskot: +26
Netto innanlandsk flytting: −247
Nettoinnvandring frå utlandet: +275
Statistiske justeringar: +2
Samla folketalsvekst: +56
-
Me kan ikkje svare på korleis dette eventuelt vil påverka studenttalet før dette er analysert. Vårt argument er at Sogndal treng meir aktivitet i sentrum enn me har i dag, noko me tolkar at mange er einige i, uavhengig av standpunkt knytt til cruise.
-
Sogndal er ein del av eit av det attraktive reisemålet Sognefjorden. Alle som driv næring, anten i eller utanfor reiselivet, er avhengig av besøk og omsetning for å kunne skapa arbeidsplassar. Så uavhengig av kva turisme eller næringsliv ein ønskjer satse på så vil dei vera avhengig av omsetning for å vera levedyktige.
-
Dette er ein påstand me ikkje har grunnlag for å imøtegå.
-
Me er heilt samde: Innvandring er svært positivt for Sogndal sentrum, kommunen og regionen. SSB har sjølv eit scenario med null nettoinnvandring nasjonalt. I dette alternativet aukar folketalet i Sogndal kommune med 170 innbyggjarar frå 2026 til 2050. Nettoinnvandring er dermed ein viktig føresetnad for den langt større veksten som ligg i SSB sitt hovudalternativ, og som ofte blir vist til.
Bakgrunnen for at me tok opp folketalsutviklinga frå 2020 utan nettoinnvandring, var nettopp å synleggjere dette bidraget. Samstundes har Sogndal ein sterk demografisk profil, med ein høgare del unge vaksne enn landssnittet og høgast del universitets- og høgskuleutdanna blant dei 30 kommunane med mellom 10 000 og 15 000 innbyggjarar. Dette er viktige styrkar å byggje vidare på. Også Sogndal får likevel ei eldre befolkning fram mot 2050, og me treng både å halde på dei som bur her og å trekkje til oss nye innbyggjarar frå inn- og utland.
-
Me ser på cruise som ei mogleg kjelde til aktivitet og næringsutvikling, ikkje som ei enkeltløysing på befolkningsutviklinga. Folketalet blir påverka av mellom anna arbeid, bustader, utdanning, fødselsoverskot eller underskot og flytting. Erfaringar frå andre cruisehamner må derfor vurderast i sin lokale samanheng, medan spørsmålet for Sogndal er kva ei eventuell etablering konkret kan bidra med her.
-
Me har retta spørsmålet vidare og vil leggje svaret ut her når det er klart.