Folkemøte 29. oktober

Korleis får me meir liv i Sogndalsfjøra?

Sogndal Utvikling inviterer til folkemøte om mogleg cruiseetablering i Sogndal torsdag 29. oktober kl. 18.00 i Sogndalssalen på Quality Hotel Sogndal.

Kva moglegheiter finst for handel, reiseliv og lokale opplevingar? Kva kan me lære av andre cruisedestinasjonar, og kva omsyn og utfordringar må me ta med i det vidare arbeidet?

Me set av tid til spørsmål og svar med kveldens panel.

På programmet:

  • Erlend Fardal Lunde, Sogndal Utvikling – meir liv i Sogndalsfjøra og moglegheiter for næringsutvikling.

  • Åsmund Veigel Gaukstad, Norconsult – konsekvensutgreiing og planprosess.

  • John Olav Lefdal, Port of Nordfjordeid – lokale investeringar og verdiskaping.

  • Monica Berstad, Cruise Norway – Noreg som cruisedestinasjon og lokal verdiskaping.

  • Dag Jarle Aksnes, Bergen Sentrum AS – verdiskaping frå cruise i Bergen sentrum.

I panelet møter du òg Arthur Kordt frå European Cruise Service og Alfred Bjørlo frå Stiftinga Drivkraft.

Programleiar er Arve Uglum.

Har du spørsmål? Send dei inn før eller under folkemøtet. Du kan sende inn anonymt:
https://forms.cloud.microsoft/e/dnJSbQJ29h

Vel møtt – anten du er positiv, kritisk eller berre ønskjer å vite meir!


Med atterhald om endringar i programmet.

Forrige
Forrige

Frukostseminar for næringslivet