Frukostseminar for næringslivet

Korleis skapar me nye opplevingar og meir næringsliv i Sogndal?

Sogndal Utvikling inviterer næringslivet til ein morgon om nye reiselivsprodukt, samarbeid og moglegheiter for næringsutvikling i Sogndal.

Me har naturen, historia, kulturen og lokale mattradisjonar. Korleis kan me bruke desse ressursane til å utvikle fleire opplevingar som gjestene vil kjøpe – og som gir inntekter og arbeidsplassar lokalt?

Me samlar etablerte bedrifter, gründerar og andre med idear til nye tilbod. Aktuelle tema er:

  • Nye kombinasjonar av mat, overnatting, kultur og aktivitetar.

  • Opplevingar med lokal historie, frukt og sider som utgangspunkt.

  • Samarbeid om transport, guiding, sal og distribusjon.

  • Tilbod som gir meir aktivitet gjennom året.

Seminaret blir starten på arbeidet med eit mogleg bedriftsnettverk. Me har starta ein prosess mot verkemiddelapparatet om korleis samarbeidet kan organiserast og utviklast vidare.

Ambisjonen er konkrete, lønsame produkt og nye forretningsmoglegheiter som har verdi uavhengig av ei eventuell cruiseetablering.

Fredag 30. oktober 2026 – Quality Hotel Sogndal
Frukost frå kl. 07.30
Seminar kl. 08.00–10.00
Gratis deltaking

Meld deg på her innan torsdag 28. oktober!

Program og praktisk info vert sendt ut til påmelde i forkant.

Forrige
Forrige

Svar på 99 spørsmål frå folkemøtet

Neste
Neste

Folkemøte 29. oktober