No har me samla alle dei 99 spørsmåla og innspela frå folkemøtet 29. oktober på éi side, med svar frå Sogndal Utvikling.
Spørsmåla handlar mellom anna om miljø, planprosess, lokal verdiskaping, hamneløysingar og livet i Sogndal. Dei er ordna i ni tema, og kvart spørsmål har behalde originalnummeret og ordlyden. Trykk på spørsmålet for å lese svaret.
Me undersøker ei mogleg cruiseetablering, og fleire forhold skal avklarast gjennom det vidare arbeidet. Svara viser kva som er kjent no og kva som framleis er uavklart. Sida blir oppdatert når nye opplysningar og svar ligg føre.
Takk til alle som sende inn spørsmål og innspel.