Cruise som skapar meir liv i Sogndal?
Eit reisemål i hjartet av Sognefjorden
Sogndal Utvikling undersøkjer om cruise kan bli ein god motor for meir handel, aktivitet og nye opplevingar i Fjøra. No kartlegg me marknaden, dei lokale moglegheitene og føresetnadene som må vere på plass – i dialog med kommunen, næringslivet og lokalsamfunnet.
Folkemøte 29. oktober 2026
Me inviterer alle som er interesserte til folkemøte om forprosjektet Sogndal som cruisedestinasjon. Me presenterer kvifor me ønskjer å utvikle ei cruisehamn, marknaden og eksportpotensialet, og korleis arbeidet går vidare.
Det blir tid til faglege spørsmål og open samtale om moglegheiter, uro og forslag. Me ønskjer å høyre kva du meiner Sogndal bør få ut av ei cruiseetablering.
Quality Hotel Sogndal, torsdag 29. oktober klokka 18.00 - 20.00
Les fakta og svar før møtet. Etter møtet vil me publisere ei oppsummering av spørsmåla og kva me følgjer opp.